Sommervikarer 1078 Betjent

 
Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?
 
Søk stillinga: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/298550
 

Om stillinga

Ålesund fengsel har behov for tilkallingsvikarer (1078 betjenter) til å bistå oss med sommaravvikling 2026.

Vi treng deg som vil bidra til å skape og gjennomføre ein straff som endrar ved å vere både rollemodell, samtalepartnar og rettleiar. Vi treng deg, som kan sette grenser når du må, vise omsorg når du kan og vere med å løyse konflikter før dei vert for store. Som fengselsbetjent/betjent har
du ei viktig rolle i vårt arbeid med å sikre at dagens innsette kan bli morgendagens gode naboar.

Å jobbe i fengsel gir verdifull erfaring med menneske som er i ein vanskelig livssituasjon og passar særleg godt for deg med bakgrunn frå å arbeide med menneske i vanskelieg livssituasjon  som til dømes vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog, politi eller for deg som ønsker å jobbe med endringsarbeid.

Det vil bli gjennomført teoretisk og praktisk opplæring av alle vikarar i løpet av mai 2026. Opplæringa er obligatorisk

Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette

Hopp rett ned til innholdet